Til tjenester og tilbud

Samlingen vår

Kristofer Uppdal

Steinkjers store diktar (1878-1961)

Ungdomsbilde av Kristofer Uppdal
Ungdomsbilde av Kristofer Uppdal
Ungdomsbilde av Kristofer Uppdal

Uppdal var ein av dei viktigaste, norske forfattarane ved starten av 1900-talet.

Han skreiv ei rad bøker, romanar, dikt og essay og var sentral i litteraturmiljøet i Kristiania rundt 1.verdskrigen. Her var han og litteraturkritikar.

Seint i livet skreiv han ei stor samling religionsfilosofiske dikt.

Kristofer Uppdal hadde djupe røter i Trøndelag. Han var sjølvlærd, kom frå fattige kår og vart diktar mot alle spådommar og råd han fekk. Men først var han anleggsarbeidar. Han knytte kontakt i rallarmiljø i arbeidarrørsla og skreiv arbeidarlitteratur. Bøkene handla samtidig djupast sett om menneskepsykologien, som opptok han sterkt.

Han skreiv om sentral norsk samfunnsendring. Dei mest kjende romanane hans er Dansen gjennom skuggeheimen, Trolldom i lufta, Stigeren, Kongen og Vandringa. Dei tar alle for seg oppbrotet frå bondesamfunnet. Garden og bygda var avreisepunktet for menneska som med handkraft bygde det nye landet.

Lyrikaren Kristofer Uppdal får i dag ei sterkt auka verdsetting.

Han blir halde fram som ein tolkar av sentrale europeiske straumdrag kring 1915. Han var tidleg ute med å sanse den sterke framandgjeringa i storbyen, og menneskeleg liding blir etter kvart eit dikttema som opptar han mye. Diktsamlinga Altarelden frå 1920 er typisk i så måte.

«Kristofer Uppdal var fødd i Beitstad, i Dalbygda, på ein av Opdal-gardane. Han vaks opp i Steinkjer og på garden Stenseng i Røysing i Ogndalen. På sørsida i Steinkjer, i «Påssåby’n», øverst i det som i dag er Eirik Jarls gate, er det sett opp eit blåskilt om kor huset til familien låg. Denne garden brann ned under bombinga av Steinkjer 21.4.1940.»

-----

Teksten er skrevet av Uppdal-biograf og forfatter Arild Bye. Hentet fra den omfattende utstillingen om Kristofer Uppdal sitt liv og litterære virke, i Steinkjer bibliotek i Dampsaga Kulturhus (2007-2023).

Les mer:

  • I Store norske leksikon finner du en innholdsrik artikkel om Kristofer Uppdal. Artikkelen finner du her.
  • I Norsk biografisk leksikon kan du lese denne artikkelen.
  • Nasjonalbiblioteket gir deg oversikt over Uppdals forfatterskap og over avisartikler som er skrevet om han.
  • Her er Facebooksida til Kristofer Uppdals venner.

Kontakt

Steinkjer kommune
Bygget med Libry Content