Heilt frå han var ein liten gut, har Kjartan Hatløy grunda på dette: Kva tyder «er»? Hatløy har levd med eksistensfilosofien i ein mannsalder, som filosofistudent, medan han jobba på verft, og i sitt kvardagslege gjenge. Omgrepet «vere» tek ein så sjølvsagt som det å puste. Men å undersøkje det, ta det som tema, det er å komme ut i ei uro over å vere til. I si fjortande bok tenkjer Hatløy omkring vere og det verande. Med Martin Heideggers hovudverk som springbrett har Hatløy skapt si dødslære. Det gjeld diktarens eige «vere til døden» - men han prøver òg å gå bakom døden: Samtidig som han undersøkjer meininga til vere, freistar han forstå spørsmålet om ikkje-vere. "Vere og døy - døy og vere" er ei førebuing, men òg ein slags audmjuk takk, frå ein av våre mest særmerkte lyrikarar.