Denne boka presenterer nyare norsk forsking om ungdoms tilpassing til det lokale i ei tid prega av sterk globalisering. Gjennom 11 kapittel forfatta av sentrale ungdomsforskarar gir boka kunnskap om ungdomsrolla i vår tid, sett i forhold til mellom anna fritid, skole, arbeid, flytting og marginalisering. Boka knyter desse tema til teoretiske perspektiv frå sosiologi, pedagogikk, antropologi og demografi. Boka retter seg mot studentar og alle andre som skal arbeide med ungdom.