Trønderlåna, det lange, trønderske våningshuset er eit karakteristisk trekk i det midtnorske kulturlandskapet. Denne boka inneheld ein presentasjon av trønderlåna frå Nordmøre og Østerdalen i sør til Nord-Trøndelag i nord. Forfattarane trekkjer fram ein del typiske bygningar og får på den måten fram særtrekk ved hustypen, men viser også det store spennet i lokal variasjon. Boka er gjennomillustrert med fargefotografi.