Skosveinen Asgeir Åsason er blitt ein viktig mann for kong Eirik Blodøks etter slaget mot berserken Steinar Grimsson på Eidet på Senja. Men seidmannen Sote Ramn kom seg unna slaget, og har stygge planar for kongen og mennene hans. Både handelsferda til Bjarmeland og heimferda sørover til Hålogaland byr på fare, svik og ære for Asgeir. Dette er tredje boka i serien ”Odins smykke” om Asgeir Åsason. Han veit ikkje kven faren er, men har fått vite at han er ein direkte etterkommar etter guden Odin. Dette må Asgeir halde for seg sjølv, til tida er inne.