Olav H. Hauge var og er ein av Noregs kjæraste diktarar. Han skreiv tidlause dikt om livet og naturen. Nokre av dikta skreiv han som sonettar, og det er ingen tvil om at desse er nokre av dei beste dikta Hauge skreiv. I denne boka er det samla over 30 sonettar frå diktaren si hand, inkludert nokre av dei han gjendikta av Shakespeare, Wordsworth og Spenser. Utval og etterord ved Stefan Andreas Sture.