Stuart heiter eigentleg Gøran. Han er ikkje særleg populær, men tar sjølv grep, han startar band og kler seg i dress for å vere gentleman. Dette er historia om Stuart og kompisane hans, om skitten sprithandel, vennskap og musikk. Det er forteljinga om måker og vind, om damer og eksplosjonar, og historia om å gå skikkeleg på tryne i hundeskit. Det handlar om å vere ung gut i ein liten, norsk by. Forteljing for ungdomstrinnet.