Boka set søkjelyset på sentrale trekk ved den norske dramatikken i etterkrigstida. Artiklane i boka viser breidda i norsk dramatikk frå 1950-talet og fram mot 1990-talet, der ulike dramatiske retningar gjer seg gjeldande: det lyriske dramaet, det brechtinspirerte dramaet, det politiske teateret, "grusomhetens teater", det karakterlause dramaet og det performative teatret. Verk av viktige norske dramatikarar som Jens Bjørneboe, Aslaug Vaa, Sverre Udnæs, Ola Bauer, Cecilie Løveid og Jon Fosse blir analyserte frå ulike innfallsvinklar. Har litteraturlister.