Boka kom første gong ut i 1973. Dette er sjuande reviderte og utvida utgåve. Språket er eit sosialt maktmiddel. Boka analyserer ei rekke av dei språklege makt- og virkemidla som vi alle nyttar dagleg, og gir det teoretiske grunnlaget for at språk nødvendigvis er makt. Denne utgåva har eit nytt kapittel om datateknologi og offentleg språkbruk, eit omfattande kommunikasjonsteoretisk kapittel og eit kapittel som analyserer språk i ein fleirkulturell samanheng. Bak i boka finst arbeidsoppgåver og problemstillingar til diskusjon.