Tristram og Isond var bundne til kvarandre i evig, men tragisk kjærleik. Vi blir tekne med til Bretagne, Cornwall og Irland. Riddaren Tristram er sendt ut for å fri til Isond på vegne av Kong Markis, og han legg ut på ei farleg reise og må slåss mot ein drake før han kan ta Isond med tilbake. På ferda tilbake drikk dei av vanvare kjærleiksdrikken som var tiltenkt Isond og kong Markis. Soga om Tristram og Isond er blitt kalla Noregs første roman og den blei skrive i 1226 etter oppdrag frå kong Håkon Håkonsen. Den norrøne versjonen av forteljinga har vore lite kjend i Noreg, og dette er første gongen soga blir utgiven på moderne norsk. Innleiing av Magnus Rindal. Har person- og stadnamnregister. Oms.: Magnus Rindal.