Proppen

Bildebok  •  3 – 5 år

Proppen

Marit Tusvik

2002

Lån boka

Tilgjengelig som:

Om boka

Siv og pappa dreg ut på fisketur. Havet bruser og pappa er viss på at noko stort er på gang. Siv tenkjer på alt det som ligg på botnen av havet, gamle ting som er blitt kasta, og ho lurer på kva som vil skje om alle berre dumpar det dei ikkje har bruk for lenger i sjøen. Pappa meiner det då berre er å dra ut proppen, men når han endeleg får snøret uti og det set seg fast, får han erfare kor vanskeleg akkurat det er. Han dreg det han er god for og idet proppen ryk flytter forteljinga seg til badekaret der Siv sit og har dikta opp det heile. Teksten er fabulerande og morosam, men illustrasjonane manglar særpreg og evner ikkje å utvide historia. Samlaget, 2002.

Utgaver