Ekfrasar er dikt skrive til kunstverk, og litteraturhistoria er rik på denne typen dikting. Boka gir ein introduksjon til ekfrasen som litterært fenomen og forklarar ekfrasens teori og metodar. I tillegg ser forfattaren på forholdet mellom diktekunst og biletkunst i norsk litteratur, og utforskar kva rolle ekfrasen spelar hos dei to norske etterkrigslyrikarane Olav H. Hauge og Gunvor Hofmo. Boka er retta mot studentar og lærarar i norsk og litteraturvitskap ved universitet og høgskolar. Nokre illustrasjonar i svart/kvitt. Litteraturliste og register. Ill.,