Lån boka
Om boka
I denne samlinga finn ein fleire tusen skjellsord frå det norske folk, redigert av språkforskaren Tor Erik Jenstad. Skjellorda skal brukast til å ta att mot personar som du ikkje synest noko om, eller når ein vil sette folk på plass for oppførsel eller utsjånad. Og dei er i aktiv bruk kvar dag av unge og gamle. Denne samlinga inneheld ord som er mykje brukt nordafjells, frå Møre og Trøndelag og nordover i Nord-Norge. Men skjellsord finst over alt, og mange av dei orda du finn her, har sine variantar i andre deler av landet. Orda er samla i vitenskapleg samanheng og plassert med tyding og opphav av språkforskaren Tor Erik Jenstad i Trondheim. Han har gjeve ut to tidlegare samlingar med skjellsord, men her er det mange nye og friske ord. I ei spesiell avdeling i boka finst dei saftigaste orda.