"Norsk ordbog" kom første gong ut i 1873 og vert rekna som hovudverket til Ivar Aasen. Boka byggjer på ?Ordbog over det norske Folkesprog? (1850) som kom i ny utgåve i 2000. Boka har oppslagsformer og bruksdøme i det nyreiste landsmålet ved sida av systematiske opplysningar om utbreiing og uttale i målføra. Denne nye utgåva er trykt med latinsk skrift bokstavrett etter originalen. Boka har ei fyldig innleiing som i del ein legg vekt på Aasens arbeid med manuskriptet og i del to gjer greie for redigeringsprinsipp og typografi i den nye utgåva.