Norsk kunsthistorie

Voksne

Norsk kunsthistorie : bilde og skulptur frå vikingtida til i dag

Gunnar Danbolt

2009

Lån boka

Tilgjengelig som:

Om boka

  • Kunst - Norge
  • Kunst - Norge - Historie
Dette er tredje og reviderte utgåve av standardverket i norsk kunsthistorie som kom i 1997. Boka trekker linjene frå vikingtida da skulptur og bilde blei brukte til utsmykking, gjennom middelalderen da dei fungerte som kultbilde i kyrkjer, til dei blei utstilte som kunstverk i museum og samlingar. Kulturuttrykka blir plassert der dei naturleg høyrde heime - før 1800 i kyrkjerom, rikmannsheimar og bondestover, og etter 1800 på galleri og museum. Skiljet mellom dei to periodane kom med det moderne kunstomgrepet som blir grundig drøfta. Spørsmålet om kor "norsk" kunsten eigentleg er, går som ein raud tråd gjennom framstilliga. I den nye utgåva er framstillinga ført fram til dagens kunstuttrykk, med mellom anna videokunst og installasjonar.

Utgaver