Norges landbrukshistorie i fire band gir brei, kulturhistorisk innføring i det norske landbrukssamfunnet opp gjennom tidene. Forfattarane går mellom anna inn på livsforholda til dei ulike grupperingane i bondesamfunnet, og sjølvforståinga og livsmønsteret i dette samfunnet. Ein får også ein gjennomgang av dyrkingsmetodar, dyrehald og reiskapsbruk i ulike tider. Andre viktige tema er interessekamp og politikk, og ikkje minst utfordringane for norsk landbruk framover. Regionale skilnader blir trekte fram, samstundes som spørsmål knytte til ulike utviklingsprosessar i samfunnet blir analyserte. Vekslande perspektiv og eit rikt illustrasjonsmateriale i fargar gir historia liv og teiknar djuptloddande riss av det komplekse landbrukssamfunnet i landet vårt. I sentrum står heile tida menneska i landbruket og utfordringane dei har stått overfor. Forfattarar er Bjørn Myhre, Ingvild Øye, Kåre Lunden, Brynjulf Gjerdåker og Reidar Almås. Nynorsk tekst. Forhåndsomtale. 4 band,