Nøkkel til islendingesagaene

Voksne

Nøkkel til islendingesagaene

Heimir Pálsson

2000

Lån boka

Tilgjengelig som:

Om boka

  • Norrøn litteratur - Historie og kritikk
Islendingesagaene er ein del den islandske kulturarven som og nordmenn identifiserer seg med. Problemet med desse gamle tekstane har ofte vore at dei er vanskelege for den moderne lesaren. Ein har skulda på språket, men har ikkje frista å setje seg inn i korleis sagaforteljaren oppfatta sin eigen røyndom. Nettopp dette vil professor Heimir Pálsson bøte på. Kva er moralsk rett og kva er gale i mellomalderen? Kva tyder eigentleg orda "kjærleik" og "vennskap" i munnen på Hallgerd Hoskuldsdotter? Korleis er bileta sagatekstane skaper og kor ulik er dei i tilhøve til dei gjengse litterære grepa? Svara finn ein i denne framstillinga. Med etterordet Sagalitteraturen i klasserommet av Nancy Coleman. Begge framstillingane er rikt illustrert med tabellar, kart og historiske oversikter. Ei bok for lærarar i ungdoms- og videregåande skole, lærarutdannarar og studentar i norsk og nordisk på alle nivå. Med noter og litteraturlister.

Utgaver