Ei kjempefin bok å lesa for barnebarn, oldebarn eller andre ungar.
Ryfylkebiblioteket Suldal
Denne boka er så nydelig! Dessutan er det ekstra kjekt at forfattaren sin far er frå Indra Vetrhus. Boka er ei biletbok som handlar om Veslebjørn som ikkje vil gå i vinterdvale. Betre blir det ikkje når besta fortel at i sin ungdom sneik ho seg ut frå dvalen og gjekk på nattklubb! Og det er nett det Veslebjørn og besta gjer nå. På veg til disco møter dei andre dyr som heller ikkje får sova. Ei kjempefin bok å lesa for barnebarn, oldebarn eller andre ungar.

Det nærmar seg tida for den lange vintersøvnen. Veslebjørn vil ikkje sova når mamma masar. Besta vil heller ikkje sova. Ho fortel om nattklubbane frå gamledagar med diskokuler, hallingdans og sukkerspinn. Saman snik dei seg ut på jakt etter ein nattklubb. På vegen møter dei mange andre dyr som heller ikkje får sova. Kanskje dei må laga nattklubben sjølv? Dette er ei eventyrleg og original godnattforteljing med illustrasjonar av den prislønte illustratøren Sebastian Meschenmoser. Biletbok for førskolebarn/småskoletrinnet..