Asgeir Åsason er ein av kong Eirik Blodøks sine viktigaste menn, og det er mange som ønskjer livet av han. Spesielt etter drapet på den fremste seidmannen i Norveg, Sote Ramn, ønskjer seidfolket hemn. Gamlekjærasten til Sote, Bergljot, får i oppdrag å drepe Asgeir og dei han held av. Men ikkje alle vil skosveinen vondt: Den vakre Møyfrid Håvardsdotter på Karmøy har blitt kjær i Asgeir og vil gjere kva som helst for å få gifte seg med han, sjølv om han er utan slekt og ingen veit kven far hans er. Dette er den fjerde boka i serien "Odins smykke".