Mellom linjene

Reiseskildringer  •  Voksne

Mellom linjene : på liv og død langs ekvator og polarsirklane

Gunnar Garfors
Først utgitt:2025

Lån boka

Tilgjengelig på nynorsk:

Om boka

  • Reiser
  • Klimaendringer
Korleis påverkar klimaendringane kvardagen til vanlege folk? I Mellom linjene tar Gunnar Garfors lesaren med på ei makelaus reise langs ekvator og dei to polarsirklane for å finne svar. Vi får bli med på lasteskip ned Kongoelva, med toget gjennom Sibir og i beltebil over den antarktiske isen, og får eit sjeldan innblikk i dagleglivet til folk vi elles aldri ville ha møtt. Gjennom gripande forteljingar, personlege menneskemøte og naturskildringar får vi ein statusrapport frå ei kokande verd. Vi får vite korleis klimaet i endring påverkar livet til fiskarar, bønder, byfolk og urfolk – frå regnskogen i Amazonas til isøydet på Grønland. Med ei unik evne til å kome i kontakt med vanlege folk og skarpe observasjonar har Gunnar Garfors fått skrive ei reiseskildring som både er underhaldande, engasjerande og augeopnande.

Utgaver