Martin Linge (1894-1941) var leiar for Norwegian Independent Company No. 1, seinare kalt Kompani Linge, under andre verdskrigen. Han vart skoten og drepen under Måløyraidet i romjula i 1941, ein aksjon der dei britiske og norske styrkane møtte langt hardare motstand enn antatt. Kort tid før raidet hadde Martin Linge søkt om å få sleppe å vere med på neste raid, og han hadde planlagt bryllaup to veker seinare. Det har vore diskutert om Linges daud var hans eigen feil, eller om soldatane gjekk i ei felle fordi dei britiske kommandosoldatane ikkje hadde gjort jobben sin. Denne boka fortel historia til det einaste augnevitnet som var med Martin da han fall, og om Linges barndom- og ungdomstid som forma ham som både skodespelar og kaptein. Omtalen er utarbeidd av BS.