I denne boka gir forfattaren ei oversikt over utviklinga på lokalhistoriefeltet i Noreg ? med sideblikk til utviklinga i andre land. Boka inneheld ein historiografisk presentasjon og gjennomgang av dei viktigaste debattane. I tillegg vert fagfeltet forsøkt redefinert i forhold til historiefaget generelt. Målgruppa for boka er studentar i historie, men boka vil vere relevant for alle som arbeider med lokalhistorie. Har utvald litteraturliste og register.