Boka gir ei fulldekkande framstilling av det særnorske skuleslaget Landsgymnaset, der tusentals bygdeungdomar frå 1916 til 1964 fekk høve til å ta artium på fire år utan realskuleksamen. Reidun Høydal har skrive innleiinga, og 12 andre profilerte bidragsytarar skriv om kvart av dei 12 landsgymnasa: Volda, Voss, Hornnes, Eidsvoll, Firda, Orkdal, Bryne, Steinkjer, Vinstra, Finnfjordbotn, Alta og Bø. Redaktørane Gudleiv Forr gjekk sjølv på landsgymnaset på Steinkjer, medan Helge Vold gjekk på Eidsvoll. Boka er rikt illustrert.