Kjære søster

Roman  •  11 – 15 år

Kjære søster

Alf Kjetil Walgermo

2015

Lån boka

Tilgjengelig som:

Om boka

  • Døden
  • Døden - Sorg
  • Musikk
  • Søstre
Når eit menneske døyr i dag, står gjerne Facebook-veggen igjen. I mange tilfelle lever veggen vidare, som ein stad der slekt og vener vender seg direkte til den avdøde. Profilen blir ei minnebok, men også ei slags forlenging av livet. Det gjer også at ein har fått ei ny overgangsrite, nedlegginga av den digitale profilen til den avdøde. Då 15 år gamle Amalie døyr, tar den 17 år gamle storesøstera Eli Anne over administrasjonen av fb-profilen hennar. Nokre månader seinare vil Eli Anne legge profilen ned, ta ein endeleg avskjed. Ho har allereie fjerna alle venene til Amalie, men kvir seg for å ta det siste steget. Eli Anne skriv på veggen til Amalie og ser attende på forholdet mellom dei, på endringar av status, på løgner og sjalusi, men også på kjærleiken mellom to søstre. Eli Anne klarer ikkje å legge ned Amalies profil før ho har fortald søstera sanninga om ein del ting. Det var så mykje ho aldri fekk sagt mens Amalie levde. Ho vil ikkje ha noko uoppgjort når ho legg ned profilen og tek endeleg avskjed. Dette er ei forteljing som rommar både sorg, anger og skam, men også glede, livskraft og håp. Det er i tillegg ein roman om musikk, der ulike musikksjangrar og kunstsyn får bryne seg mot kvarandre. Forteljing for mellom-/ungdomstrinnet.

Utgaver