I romanen Innberanna møter vi folket og livet på ein gard i Inntrøndelag på syttenhundretalet. Forteljinga er inspirert av og har biografiske koplingar til forfattarens eiga farsslekt. Det er framgangstid, med større og betre hus, nytt i jordbruket, opplysing frå preikestolen og eit skolestell som sakte veks fram gjennom startvanskane. Men livet er og krevjande,med smittsame sjukdomar, uår, død, kompliserte men òg sterke kjærleiksforhold, brotsverk og straff. Omtalen er utarbeidd av BS.