I sentrum for "Ibsens heroisme" finn vi eit knippe av Henrik Ibsens mest markante mannlege heltar, med sine heroiske visjonar og uunngåelege nederlag. Desse heltane har ein lenge betrakta med kritisk blikk som fundamentalistiske maktmenneske og usle eller lett komiske sjølvbedragarar. Slik er ikkje perspektivet i denne boka: "Eg er interessert i det eksistensielle alvoret i Ibsens skodespel. Difor er eg også interessert i å ta på alvor dei dramatiske personane hans,? skriv Atle Kittang i forordet. Viktige filosofiske impulsar i arbeidet er Freud, Nietzsche og Heidegger, som på ulikt vis kastar lys over både Brand, og keisar Julian, konsul Bernick og doktor Stockmann, den fråfalne Rosmer og den svimle Solness, banksjef Borkman og bilethoggar Rubek.