Roman  •  6 – 10 år

Frans og hundene

Christine Nöstlinger

1997

Originaltittel:Hundegeschichten vom Franz
Illustratør:
Erhard Dietl

Lån boka

Tilgjengelig som:

Om boka

  • Hunder
Frans har litt av kvart å klaga på når det gjeld seg sjølv. Han har ei stemme som pip når han blir sint eller redd. Han er liten for alderen og har jentefjes, dessutan er han redd for hundar. Ja, sjølv hunden til dama i grønsakbutikken, Fifi, som aldri bjeffar og berre har att ei tann i kjeften, skapar angst. Han er ikkje sikker på om han er ein son mamma kan vere stolt av. Så får tanta til Eberhart, kameraten hans, problem med blindtarmen, og familien til Eberhart må ta vare på hunden. Men då skjer det merkelege. Hunden vel Frans som ven, og Frans er ikkje redd lenger. Problemet hans blir no i staden: Korleis få seg hund? Boka fortel varmt om gjensidige, gode kjensler mellom barn og dyr, men tek og opp sjalusi når vener, Gabi og Eberhart, ikkje synes dei får nok kontakt. Vener som i neste omgang tek eit tak for å hjelpe. Boka har mykje humor i tekst, og strekteikningar i farge. Nynorsk tekst. Lettlest for småskole-/mellomtrinnet.

Utgaver