Denne samlinga handlar om dei store kjenslene. Her er både gapskratt og alvor, humoristiske dikt om kroppar i forvandling og meir stillferdige dikt om lengt og einsemd. Dikta handlar om korleis det er å vere både størst og minst i verda, om kor veik og uovervinneleg ein er når ein er 16 år og skikkeleg forelska. Nynorsk tekst. Dikt for ungdomstrinnet.