Antologi. Undertit.: 9 moderne irske lyrikarar. Boka inneheld eit utval moderne lyrikk frå Irland. Ni sentrale engelskspråklege irske poetar har fått plass: Thomas Kinsella, Richard Murphy, John Montague, Seamus Heaney, Michael Longley, John F. Deane, Eavan Boland, Eva Bourke og Pat Boran. Dikta speglar irsk natur, folkeliv og historie. Utval og gjendikting av Knut Ødegård og Jostein Sæbøe, som og har skrive eit etterord som gir klåre riss av utviklinga av den irske lyrikken. Har bibliografi. 272 s. Ib. 2005.