Freunde um Bernhard

Roman  •  Voksne

Vener av Bernhard

Annemarie Schwarzenbach

1931

Originaltittel:Freunde um Bernhard
Oversatt av:
Runa Kvalsund

Lån boka

Tilgjengelig som:

Om boka

  • Kunstnere
  • Annerledeshet
  • Europa
  • 1920-tallet
  • Homofile
  • LHBT+
Annemarie Schwarzenbach (1908-1942) var del av ein ung, fritenkande generasjon kunstnarar i etterkrigstidas Europa. Sveitsaren var blant dei første forfattarane som våga å skrive skeiv litteratur og fekk svært god mottaking i si tid. Romanen «Vener av Bernhard» er ei reise tilbake til dei frie 1920-åra der alt verkar å blomstre, medan det ulmar under overflata. I romanen møter vi unge Bernhard, som er elska av venene rundt seg. Han er mild og god og ein inspirasjon for dei meir eksentriske, meir eller mindre knekte personlegdommane omkring han. Vi følgjer den unge kunstnarvenegjengen gjennom Europa og blir med til Paris, Berlin, Lugano og Firenze - fristadar for kunstnarar og dei som samtida såg på som avvikarar. Schwarzenbach skriv fram eit miljø der kjønnsroller går i oppløysing og menneske står friare i møta med kvarandre. Boka krinsar rundt tema som kjærleik, venskap, homoseksualitet, fridom, men også lengsel etter tryggleik og det å høyre til. Romanen er i dag sett på som eit sentralt verk i den moderne, skeive verdslitteraturen og det å høyre til. Annemarie Schwarzenbach døydde ung, og familien hennar, som sympatiserte med nasjonalsosialistane, la lok på forfattarskapen hennar, og mange av bøkene hennar vart destruerte. Først i 1980-åra blei ho oppdaga på nytt og blir i dag lovprisa som ein uredd feminist og ein tidleg frontfigur for kampen for eit fritt liv på tvers av normer for kjønn og seksualitet.

Utgaver