Biografien fortel historia til den burleske og folkelege humoristen, den medrivande forteljaren, lyrikaren og pressemannen Per Sivle (1857-1904). Den startar då mor hans prøvde ta sitt eige liv med Per i magen, og ender med at han sjølve vel å avslutte det heile med ein revolver på Kristiania Bad. Boka fortel òg om kjærleiken frå kona Wenche og om venene som forsøkte å hjelpe ein ven. Det er historia om avisredaktøren som skreiv Berre ein hund, Den fyrste song, Tord Foleson og Svolder, og det er historia om motgang og trass, galgenhumor, håp og svik.