Ei verd utan hestar

Roman  •  Historiske fortellinger  •  Voksne

Ei verd utan hestar : roman

Øyvind Vågnes

2022

Lån boka

Tilgjengelig som:

Om boka

  • Framtidssamfunn
  • Hemmeligheter
  • Den amerikanske borgerkrigen, 1861-1865
  • Fedre og barn
  • Norge
  • USA
  • 1800-tallet
  • 2000-2010
1863. Han står andlet til andlet med fienden. Alt mot har forsvunne. Det er berre frykta att. Vil han klare seg i kampane? Og kvifor drog han eigentleg til Amerika? 2003. Torjus Knudsen er på reise med sonen sin til USA. Tord skal delta på 140-årsmarkeringa for slaget ved Chickamauga, der tippoldefaren hans slost. Faren forstår lite av sonens interesse for fortida. Sjølv veit han at reisa vil kunne føre han tilbake til dottera han fekk med ei anna kvinne, og det før det er for seint. 2036. Det er første gong Chloe er i Noreg. Saman med mor si, Susan, er ho på veg til gravferda til Torjus Knudsen i Bergen. Torjus er morfaren hennar, men ho har berre treft han ein gong. Susan ønskjer å gjere rekneskap med fortida, men først må gamle løyndomar fram. Ei verd utan hestar spenner eit stort lerret. Romanen beveger seg frå den amerikanske borgarkrigen via atomsprengingane i Nevada-ørkenen, til ei verd i nær framtid der også naturen er ei annan. Det er ein roman om historia, og korleis vi forstår ho, både bakover og framover i tid. Men det er òg ei forteljing om tida sjølv, og korleis vi må førestille oss denne, med og utan menneska

Utgaver