Dette er ei fin diktsamling. Første del er om jenter; små glimt og vare stemningar, noe ein kan kjenne seg att i og som mange må ha opplevd. Andre del har tema frå kvardagslivet; det å vere ung og alt det ein ungdom tenkjerpå. Noen dikt er i fri form, og noen har både rim og rytme. Med få ord klarer dei å få fram ei var kjensle av ungdomstida. Boka er for dei unge, men kan nok og glede vaksne.