Skjellsord er kanskje rangsida av den norske folkesjela, men det er også språkleg kreativitet, ordglede og kultur. I denne boka finn du ukvemsorda sett inn i ein samanheng, framstilt av ein forfattar som har levd nesten heile sitt yrkesaktive liv med den slags. Tor Erik Jenstad har mellom anna gitt ut bøkene "Ka sa du?"(2007), "Vaddesålekt, din jehuk" (2008) og "Snedig å koinn trøndersk"(2010). Han er og kjent frå Dialektmagasinet i NRK.