Begge dei to fargerike og markante trenarne i Rosenborg, Nils Arne Eggen og Ola By Rise, er utdanna norsklærarar og har eit livsvarig kjærleiksforhold til lyrikk. I denne humørfylte alvorsboka har dei samla kjente og mindre kjente favorittdikt, frå klassikarar som Wergeland og Garborg til meir moderne "ønskediktsvisker" som Inger Hagerup, Halldis Moren Vesaas og Olav H. Hauge. Utan at trenarduoen vil vere pedagogisk belærande har dei ramma inn tekstane med litterære realopplysningar og råkande karakteristikkar. Forhåndsomtale 2001.