Carl Frode Tiller – forfattarhefte inneheld ein nyskriven artikkel om forfattarskapen av kritikar Merete Røsvik Granlund, om lag 20 intervju og bokmeldingar frå norske aviser og bibliografi. Carl Frode Tiller (f. 1970) fekk Tarjei Vesaas’ debutant pris for romanen Skråninga i 2001. Den førebels siste romanen hans, Innsirkling (2007), er lansert som første bok i ein trilogi, og fekk Kritikarprisen for beste vaksenbok.