Ein fiskar finn eit brev i ei flaske. I brevet er ord han ikkje forstår. Men orda tenner ein eld. Han drøymer om brevet, at ei prinsesse har skrive det, og klarer ikkje å arbeide. Han skriv eit brev og sender det ut i flaska. Ein kveld står det ei flaske på trappa. I flaska er eit nytt brev. Dette er ei forteljing om einsemd og kontakt, om drøymar og kjærleik, og om ord og språk. Biletbok for småskole-/ungdomstrinnet.