Paula Fox vart fødd i New York i 1923. Like etterpå bestemte foreldra seg for å leve det gode liv i Hollywood, og forlét dottera på ein barneheim på Manhattan. Bestemora hentar Paula, og sidan vert ho flytta frå heim til heim og er prisgitt venlege framande. Stundom vil foreldra låne ho litt, før dei igjen prioriterar seg og sitt. I denne sjølvbiografiske romanen fortel Paula Fox om sin eigen barndom, som ho sjølv kallar eit liv i tilfeldig flyt. Ho skildrar kor mykje, og kor lite, eit barn treng for å overleve. Omtala er utarbeidd av BS.