Året er 923 og skosveinen Asgeir Åsason får vere med kong Eirik Blodøks på ferda til Bjarmeland for å utvide kongemakta nordover. Samstundes hyrer kong Halvdan Svarte i Nidaros berserken og kvinnerøvaren Steinar Grimsson til å ta livet av halvbroren Eirik Blodøks, som skal bli overkonge i landet. Alt går ikkje etter planen, og Asgeir Åsason får avgjerande innverknad på dei dramatiske kampane om rikdom og posisjon mellom de to sønene til Harald Hårfagre. Dette er andre boka i serien ”Odins smykke”.