Den gammaldagse bakaromnen møter no fornya interesse. Brød og spennande rettar frå bakaromnen har fått ein viktig plass på menyen på nokre av våre beste restaurantar, og stadig fleire bakaromnar blir bygde og rehabiliterte rundt om i landet. I denne boka presenterer Elsa Rønnevig eit spennande utval stader i Noreg som har bakaromn i dag. Spennet er stort, frå dei herskaplege storgardane som Baroniet Rosendal og Bogstad gård, til trendy restauranter og konditori, som Bølgen og Moi og Pascal. Gjennom Rønnevigs formidlingsevne og entusiasme får lesaren eit innblikk i den viktige kulturhistoria knytt til desse stadene. I tillegg til å vere ei kulturhistorisk reise gjennom Noreg med bakaromnen som innfallsport, er dette ei uvanleg kokebok. Saman med meisterkokken Trond Moi presenterer forfattaren ei rekkje oppskrifter av alle typar mat. Gjennomillustrert. Ca.