Foredrag med Kjartan Fløgstad: Arbeidsliv og dikting
Endeleg er Kjartan Fløgstad attende på Steinkjer!
Gratis - ingen påmelding
Dato
Tid
Sted
Steinkjer bibliotek - Telegrafen
Arrangør
Kjartan Fløgstad er kanskje den forfattaren som har blitt mest inspirert av Kristofer Uppdal.
Fløgstad vitja Steinkjer og Uppdaldåggån i 2007 og var da m.a. med opp til Skrattåsgruva. Kjartan Fløgstad har akkurat feira sin 80-årsdag og får stadig store overskrifter i media.
---
Fabulerande realist
Kjartan Fløgstad debuterte med diktsamlinga Valfart i 1968. Han studerte opprinneleg arkitektur ved Noregs Tekniske Høgskule i Trondheim, men skifta snart til litteratur- og språkvitskap ved Universitetet i Bergen.
Fløgstad var ei tid industriarbeidar i heimbyen, og blei så «greaser» på eit norsk lasteskip i internasjonal fraktfart. I si tid som sjømann reiste han i ulike delar av verda, spesielt i Latin-Amerika, og erfaringane frå dette enorme kontinentet skulle få ein vesentleg innverknad på forfattarskapen.
Kjartan Fløgstad har skrive seksten romanar og ei lang rekke essaysamlingar, dikt, skodespel og biografiar. Han har mellom anna fått Aschehougprisen, Nordisk Råds litteraturpris, Kritikerprisen, Noregs Mållags pris, Brageprisen og Gyldendalprisen. I 2008 fekk han Brages hederspris.
Kjartan Fløgstad er fødd i 1944 i Sauda og bur i dag i Oslo.
Relatert litteratur
Skriftarbeid
Fløgstad, Kjartan
Nordaustpassasjen
Fløgstad, Kjartan
Due og drone
Fløgstad, Kjartan
Habeas corpus
Fløgstad, Kjartan
Due og drone
Fløgstad, Kjartan
Magdalenafjorden
Fløgstad, Kjartan
Grense Jakobselv
Fløgstad, Kjartan