Det framande landet – ei konsertframsyning
Carl Frode Tillers dikt – levandegjort i ei unik konsertoppleving
Gratis - ingen påmelding
Dato
Tid
Sted
Avholdes ikke i biblioteketPetite/foajeen, Steinkjer kulturhus
Arrangør
I denne unike konsertframsyninga møtest skodespelar Torstein Andersen og jazzmusikar Håkon Mjåset Johansen for å gi nytt liv til Carl Frode Tillers første diktsamling, Det framande landet.
Tiller sjølv kallar det eit langdikt om kreativitet, skaping og overleving. Det slyngjer seg gjennom tider og hendingar, fram og tilbake i menneskets historie, utan kronologiske eller logiske grenser. Elvis møter neandertalarar. Dei tidlegaste jegarane skyt piler i Louvres montre. Historia går i spiral, og verda må skapast på nytt – igjen og igjen.
Kom og opplev ei musikalsk og litterær reise der alt krasjar med alt, og ingenting er tilfeldig.
- Petite/foajeen, Steinkjer kulturhus
- Gratis - ingen påmelding!
Arrangementet er ein del av LITT.MIDT – litteraturfestivalen i Midt-Noreg