For eit framtidsretta jordbruk er det allsidige familiebruket verdt å satse på, ifølgje Marie Aukrust. Her kan ein vel ivareta jord, naturmangfald og klima, dyrevelferd, folke- og dyrehelse. Små- og mellomstore bruk er mest fleksible i kriser. Matsystemet og industrijordbruket globalt treng politisk kursendring, også norsk jordbruk. Einsretta stordrift lausriven frå arealgrunnlaget er lite berekraftig, mykje basert på utanlandsk arbeidskraft og importerte fôrressursar. Landet gror att. Vi kan nytte utmark ueigna til dyrking av menneskemat til beite, samtidig auke matplanteproduksjonen og sjølvforsyninga. Det står ikkje i motsetnad til internasjonal handel og samarbeid. Omstilling må tilpassast lokale tilhøve i ulike klimasoner. Berekraft og klimamål heng i hop, slik FN- rapportar framhevar. Aukrust er oppteken av løysingar for sunn og trygg mat, for artsrike kulturlandskap, miljø og klima, med føreseielege rammer og godt driftsgrunnlag for bøndene. Omtalen er utarbeidd av BS.