Krakk – ei gripande historie om kjærleik, svik og klassekamp

Festival
Voksne

Litterær samtale med Guri Idsø Viken og Pål Sverre Fikse

Guri Idsø Viken sitter foran et stuevindu
Guri Idsø Viken sitter foran et stuevindu
Guri Idsø Viken sitter foran et stuevindu

Arrangementet krever billett

Dato

fredag, 26. september

Tid

18:00 - 19:00

Sted

Avholdes ikke i biblioteketElvesalen, Steinkjer kulturhus

Kjøp billettLegg til i kalender

Arendal, 1885: Seglskutene legg til kai, krystallysekronene skin, og borgarskapet gjer seg klare til årets høgdepunkt – maskeradeballet. Midt i dette staselege livet står banksjef og skipsreiar Axel Herlofson, rikmann og samfunnsstøtte – men også ein mann med mørke løyndommar. Når den unge revisoren Thomas Berntzen oppdagar feil i rekneskapen, blir han sett på prøve – ikkje berre profesjonelt, men også personleg.

Krakk er ein storslått roman om det som skjer når fasadar sprekk, ideal raknar og kjærleik må slåss mot makt. Guri Idsø Viken hentar inspirasjon frå den sanne historia om bankskandalen i Arendal – ein økonomisk krakk som rysta ei heil nasjon.

Guri Idsø Viken (f. 1979) er litteraturvitar, journalist og samfunnsdebattant. Ho har vore juryleiar for Sørlandets litteraturpris og er politisk rådgivar i Frivillighet Norge. Ho debuterte som forfattar med Magnhild, ein roman om sex, fyll og offentleg forvaltning, skrive saman med Inger Johanne Sæterbakk.

Under LITT.MIDT møter ho Pål Sverre Fikse, tidlegare ordførar i Verdal og no avdelingsbanksjef i Grong Sparebank, til ein samtale om historie, skandalar og det som rører seg bak dei blankpolerte fasadane.

Arrangementet er en del av LITT.MIDT - Litteraturfestivalen i Midt-Norge

Foto: Agnete Brun

Relatert litteratur