Fosse for dumskallar

Forestilling
Voksne

Høyrt masse om Fosse, men aldri lest han? Lest Fosse og nysgjerrig på mannen?

Linda Eide med hendene ut til siden
Foto: Tore Zakariassen, NRK
Linda Eide med hendene ut til siden
Foto: Tore Zakariassen, NRK
Linda Eide med hendene ut til siden
Foto: Tore Zakariassen, NRK

Arrangementet krever billett

Dato

torsdag, 23. oktober 2025

Tid

18:00 - 19:15

Sted

Avholdes ikke i biblioteketHovedscenen, Steinkjer kulturhus

Kjøp billettLegg til i kalender

Fosse for dumskallar er ei leiken blanding av forteljingar, analysar og anekdotar om det største fenomenet som nokon gong har kome frå Hardanger: verdas første nobelprisvinnar med nynorsk som hovudmål!

Kven er eigentleg denne Jon Fosse? Kva skriv han om, korleis skriv han, og kva var det som skjedde då mannen som aldri skulle skriva for teater, brått vart ein verdsberømt dramatikar? Kva er forholdet hans til komma, komle og bilkøyring? Og viktigast av alt: Er Fosse så forbanna utilgjengeleg som mange vil ha det til?

Dette er dumskallens inngangbillett til Fosseriket. Og jamvel den vidarekomne kan henta med seg nokre nyttige studiepoeng.

Linda fortel:
Fosse for dumskallar vart opphavleg tinga av Det Norske Teatret til Fosse-festivalen i 2021. Det har vore stor stas å framføra denne framsyninga både før og etter Nobelprisen – folk er tydeleg sugne på meir kunnskap og funfacts om fenomenet Jon Fosse.

Medverkande:

  • Tekst og framføring: Linda Eide
  • Musikalsk og verbal bækking: Sjur Hjeltnes

Speletid: 60–75 min.