Uppdaldåggån 2010
Uppdaldåggån 2010 - Hovudstaden kjem til Steinkjer fredag 23. og laurdag 24. april |
Gå til framside
Last ned program i pdf, A4
Last ned plakat i pdf, A4
| Tid | Arramgement | Stad | Program | Billetttinfo |
| Fredag 23. april | ||||
|
18:00 |
Bokpub: Offisiell åpning av dåggån. Boksal |
Høvvel`n Dampsaga |
Uppdalblues med Øyvind Brandtzæg, Jan Erik Moe og Knut Jørgen Nonstad. Ellrun Ystad |
Billett kr.100,- |
| Laurdag 24. april | ||||
| 10:30 |
Litteraturseminar: Oppvekst, arbeidsliv, forfatterskap Boksal |
Høvvel`n Dampsaga |
Registrering og kaffi |
Billett kr.200,- |
| 11:00 | Anders M. Andersen: «Forskingsrapport: betre romanar finst ikkje» Den store moderne romanen i fleire/mange delar av Proust, Musil og andre, har ein dansk litteraturforskar kalla «de monstrøse romaner». Ingen har som Uppdal lukkast med Den store moderne romanen som ikkje er monstrøs, men avrunda, gjennomkomponert syklus. Dante skreiv Den guddomlege komedien i tre delar, Balzac Den menneskelege komedien i 52 delar, Uppdal Den moderne komedien i 10 delar. |
|||
| 12:00 | Eirik Vassenden: «Attlatne bøker − korleis opnar ein dei? Uppdal og Kulten-diktinga» Med utgangspunkt i nokre Uppdal-dikt skal foredraget diskutere tre sentrale lyrikkpedagogiske problem. For det første: Mykje lyrikk er «vanskeleg å forstå», som det ofte heiter. Ofte handlar dette om lesarens eiga giddeløyse, men somme tider dreier det seg om genuine problem: Korleis – og kanskje også kvifor – les vi noko vi har vanskeleg for å forstå? Uppdals lyriske storverk Kulten er skrive i ein sær og dialektbunden språkform som var vanskeleg å lese sjølv for samtidas lærde filologar med same dialektbakgrunn som diktaren sjølv. For det andre: Korleis brukar vi den historiske bakgrunnen – konteksten – til å lese og tolke dikt? Uppdals forfattarskap er sterkt knytt til retningar som ekspresjonisme og vitalisme, men delar av denne konteksten er lite kjend i dag. For det tredje: Korleis bruker vi forfattarbiografien når vi tolkar og formidlar lyrikken? Vi får med Arild Byes biografi eit sett med nye lesenøklar. Skal vi bruke desse, og i så fall: korleis? |
|||
| 13:00 |
Pause med kunstnarleg innslag. Hildegunn Eggen: Opplesing |
|||
| 14:00 |
Arild Bye: «Ein mot alle − Kristofer Uppdal» Etter fire års arbeid med Kristofer Uppdals biografi. Om trekantforholdet mellom biografen, den biograferte og biografien. Kven er det ein skal lite på – og kvifor? Dessutan: Gjer ei bok om ein ukjend 1900-talsforfattar nokon skilnad – i den postmoderne verda av 2010? |
|||
| 15:00 | Avslutning | |||
| 15:30 | Kransnedlegging ved Uppdalbautaen |
Kristofer Uppdals gate |
Varaordførar Aud Gaundal: Appell Fagerheim skolekorps |
|
| Førehandstinging av billettar til Uppdaldåggån: Steinkjer bibliotek tlf. 74 16 93 60 |
| Kristofer Uppdals venner er arrangør og takkar Arbeidslaget hans Kristofer: Aschehoug, Embla Forlag, LO i Steinkjer, Nord-Trøndelag Elektrisitetsverk, Nord-Trøndelag fylkeskommune, Norsk kulturråd, Steinkjer bibliotek, Steinkjer kommune og Trønderlaget |
|
ANDRE ARRANGEMENT I SAMBAND MED UPPDALDÅGGÅN: Torsdag 22. april: Embla Forlag, Steinkjer, lanserer «Kongen» av Uppdal som lydbok, innlese av Ståle Bjørnhaug. Fredag 23. april, kl.10−15 i Steinkjer rådhus: Edvard Hoem om Bjørnstjerne Bjørnson. Opplesing,«bokbad» med Hege Duckert, Romeo Gill og andre. Fylkesbiblioteket markerer Bokdagen og Leseåret med litteraturseminar. Billettpris kr 300,−. |

