Hilmarfestivalen sin logo

Hilmarfestivalen: Leif Stinnerbom og Ketil Kolstad i samtale rundt utvalgte tema

Regissør Leif Stinnerbom og teatersjef Ketil Kolstad møtes til samtale på biblioteket lørdag 9. november i forbindelse med premieren på Nord-Trøndelag teaters si framsyning "Og så kan hunden komme"

Leif Stinnerbom står bak dramatiseringa og regien av Jon Fosse-teksten «Og så kan hunden komme» frå boka To Forteljingar (Samlaget 1993)
Dette er forteljinga om kjærleiken mellom ein mann og bikkja hans, om blodhemn og den rastlause ventinga.

«Skote hunden, seier eg. Og eg ser ho stå og sjå ned. Hunden kan ikkje vere drepen, det går ikkje an å drepe hundar. Ho seier at hunden er skoten. Nokon har drepe hunden. Han har skote hunden og han skal døy. I kveld skal han døy.»

Jon Fosse har sjølv sagt dette om hunden som motiv: «Eg trur at hunden har noko med språklaus forståing å gjere, og eg prøver vel kanskje å nærme meg, å skrive fram, ei slags språklaus forståing for eksempel i pausane i stykka. Når dette er sagt, høyrest det litt feil ut. Eg trur vi må vere opptatt av noko, vente på noko, på Hunden, på Gud, på Kjærasten, på Godot.»

Framsyninga får premiere under Hilmar-festivalen på Steinkjer 9. november.

I samtalen kjem Stinnerbom og Kolstad og inn på eget arbeid med teater og musikk som har røter i nordisk folkekultur.

 

Tidspunkt: Lørdag 9. november kl 13 i Steinkjer bibliotek.

Fri entré

 

Les meir om framsyninga "Og så kan hunden komme"  hos Nord-Trøndelag teater

Hilmarfestivalen

Tips en venn Skriv ut