”Der ingen skulle tru at nokon kunne bu” er ein av dei mest populære fjernsynsseriane NRK har sendt dei siste åra. Meir enn 1,2 millionar sjåarar har følgt programma på det meste. I haust skal tiande runde av serien visast.Bilete av boka Der ingen skulle tru at nokon kunne bu.

Mannen bak programma er Oddgeir Bruaset. For mange vil han ikkje berre vere kjend som programskapar, men også som forfattar og foredragshaldar. Hausten 2005 gav han ut ei bok basert på fjernsynsserien, hausten 2009 kom nr 2 ut, og i september 2012 ligg den tredje føre. Denne siste boka vil fortelje om nokre av dei stadene det er blitt laga program frå dei fire siste åra, og om menneska som lever der. Men lesarane vil ikkje berre møte att stader og menneske dei kjenner frå skjermen, dei vil finne mykje nytt og spennande stoff, muntre historier så vel som gripande lagnader.

Basert på den nye boka vil Bruaset til hausten reise rundt med eit lysbildeforedrag om folket som ”bur der ingen skulle tru at nokon kunne bu”. Han les utdrag frå boka, og han fortel om møte med menneske som lever på ein måte som for dei fleste av oss verkar usannsynleg og eventyrleg.


Det blir høve til å kjøpe boka under arrangementet. Les meir hos Folkeakademiet

 

Tidspunkt: Mandag 15. oktober kl 19.00 på Steinkjer bibliotek

Billett kr 100,-. Billettar kan kjøpast hos Norli i Kongensgt. og Steinkjer bibliotek

 

Arr: Folkeakademiet Midt-Norge, Norli og Steinkjer bibliotek