Sydama Ragnhild Strøm var den første kvinna som vart verva av Henry Rinnan til tysk teneste. Heilt frå Forsidefoto av boka Kvinnene i RinnanbandenRinnanbanden vart etablert på nyåret 1942, spelte kvinnene ei sentral rolle.

Nesten ein fjerdedel av dei drygt 70 medlemmene var kvinner. Fleire av kvinnene som gjekk inn i arbeidet for Rinnan, trudde dei gjorde ein heiderleg innsats for motstandsrørsla. Andre sympatiserte ope med fienden. Idar Lind fortel historia om kvinnene i banden av angivarar, torturistar og drapsmenn, ei historie som ikkje er fortald før.
 
 

Foto av Idar LindIdar Lind har gitt ut ungdomsbøker, romanar for vaksne og sakprosa. Han voks opp på Otterøya ved Namsos, og er utdanna cand.mag. med faga kjemi, biologi og drama/film/teater. Lind debuterte som romanforfattar med Stengte dører i 1983 og som dramatikar i 1990. Han har òg skrive visetekstar og songtekstar, m.a. for D.D.E.

Som forfattar har Lind utmerkt seg mest innanfor kriminalsjangeren, og fekk i 1989 Rivertonprisen for 13 takters blues. Krimbøkene hans har eit samfunnskritisk perspektiv samtidig som dei har eit leikande og parodierande forhold til krimsjangeren.

 

Tidspunkt: lørdag 24.september kl.11.30 på Steinkjer bibliotek, Kunstavdelingen 2. etg.

 
Kaffe spleis kr. 50